Gudstenester 2. søndag i advent


5. desember er det gudstenester i Solheim kyrkje kl. 11.00 og i Granneheimen kl. 17.00. Velkommen!

 

Vi tenner to adventslys og syng adventssongar. I Solheim kyrkje skal eitt barn døypast. Det er nattverd begge stader.

Det er kyrkjekaffi i Solheim kyrkje og i Granneheimen blir det julekvelds og kakao etter gudstenesta.

Begge gudstenestene er ved prest Torbjørn Sæle og kyrkjemusikar Anne Merethe Reknes.

Vi følgjer gjelande smittevernråd og oppmodar til bruk av handsprit ved inngangen. Hald gjerne litt ekstra avstand til dei du ikkje er med til dagleg, og hald deg heime om der sjuk. Vi har ògså nokre munnbind tilgjengeleg. Velkommen til adventsgudstenester!

 

Tekst: Torbjørn Sæle

Foto: kyrkja.no

Tilbake