2. søndag i advent var det gudsteneste med dåp og nattverd i Solheim kyrkje. Der vart også prestens adventskalendar opna.
Så kjekt å kome til kyrkja i dag!
2. søndag i adventstida og to lys vart tent for det. Alice Ariana Sandnes vart døypt. Eit lys vart tent for henne og ho vart ønska velkomen i kyrkjelyden!
Evangelieteksten i dag var Johannes 16, 21-24. Den kan du lesa her.
Luke nr 5 i Spesialprest Torbjørn sin adventskalender vart opna. Bokstaven for bøna i dag var O. Me kan be for oss, omsorg, omikron eller for nokon me kjenner som har o i navnet sitt.
Du finn adventskalenderen her: https://www.facebook.com/spesialpresten
Takkofferet gjekk til Barnevakten. Du kan gje di gåve på Vippsnr 620513, merk med "Barnevakten."
Kyrkjeutvalet serverte enkel kyrkjekaffi.
Takk til alle som deltok!
Ein av adventssalmane som vart sunge var denne:
"Rydd vei for Herrens komme,
for frelsen fra vår Gud!
Vår ventetid er omme,
han sender oss sitt bud:
Det gamle skal forsvinne,
Guds rikes tid er inne!
Velsignet være ham
som kom i Herrens navn."
(Norsk salmebok nr 9)
Tekst: Dina Dyrhovden
Foto: Torbjørn Sæle