«Ein personleg og fin dåp»


12. desember vart Julie døypt i Frøyset kyrkje. Her skriv familien om korleis dei opplevde dåpsgudstenesta.

 

Maria Halland og Tarjei Eide kom saman med barna Alice med Julie Eide til Frøyset kyrkje for å feira dåp. Her svarar dei på nokre spørsmål frå prest Torbjørn Sæle.

1. Kvifor ville de døypa Julie?

– Me ønska å døype Julie då me ser på dette som ein flott tradisjon i tillegg til å tilhøyra eller vera ein del av noko som er både fint og viktig. Me bur i Åsane, men ønska å ha dåpen i Frøyset kyrkje då me begge føler at dette er «vår» kyrkje. Det er her begge er konfirmerte, i tillegg til at Maria er døypt der.

2. Korleis opplevde de gudstenesta?

– Dette var ei veldig fin gudsteneste. Me blei kontakta på førehand for å laga ei kohort-liste, slik at kyrkja kunna legga til rette for faste sitteplassar. Me blei tatt godt imot når me kom til kyrkja og fekk litt informasjon om smittevernstilak. I kyrkja sat me med god avstand slik at me slapp å bruka munnbind undervegs. Dette synes me var veldig flott. (Dette var før det vart påbod om bruk av munnbind på innandørs arrangement.)

Maria Halland og Tarjei Eide kom saman med barna Alice med Julie Eide til Frøyset kyrkje for å feira dåp. Her svarar dei på nokre spørsmål frå prest Torbjørn Sæle. 1. Kvifor ville de døypa Julie? – Me ønska å døype Julie då me ser på dette som ein flott tradisjon i tillegg til å tilhøyra eller vera ein del av noko som er både fint og viktig. Me bur i Åsane, men ønska å ha dåpen i Frøyset kyrkje då me begge føler at dette er «vår» kyrkje. Det er her begge er konfirmerte, i tillegg til at Maria er døypt der. 2. Korleis opplevde de gudstenesta? – Dette var ei veldig fin gudsteneste. Me blei kontakta på førehand for å laga ei kohort-liste, slik at kyrkja kunna legga til rette for faste sitteplassar. Me blei tatt godt imot når med til kyrkja og fekk litt informasjon om smittevernstilak. I kyrkja sat me med god avstand slik at me slapp å bruka munnbind Dette synes me var veldig flott. (Dette var før det vart påbod om bruk av munnbind på innandørs arrangement.) – Me følte også at vår vesle familie blei godt inkludert gjennom heile dåpsgudstenesta. Storesøster Alice fekk vera med å følgja opp kyrkjegolvet, vera med å tenna adventslys og me fekk tørka hovudet til Julie etter dåpen. I tillegg fekk to av fadrane til Julie lesa kvar sin tekst. Det var ein dåp som kjentes personleg, og det sette me veldig pris på. Fleire av gjestane sa at dette var ein av dei flottaste dåpsgudstenestene dei hadde vore med på.   3. Korleis prega pandemien planlegginga og gjennomføringa av dåpsdagen? Pandemien og dei nye retningslinjene gjorde at me måtte begrensa gjestar på middagen etter dåpen. Det førte til at ikkje alle som var invitert til kyrkja, kunne koma på middagen etterpå. Me syns dagen blei veldig fin og opplevde at gudsteneste blei litt meir personleg, kanskje grunna restriksjonane og begrensa med folk i kyrkja, og at Julie var einaste barnet som blei døypt. Me følte at dagen vår blei sett i fokus.   4.        	Korleis var feiringa? Feiringa var veldig fin, og me er veldig glad me fekk gjennomføra dåpen, sjølv med litt færre på middagen og at me ikkje fekk snakka så mykje med alle grunna bordplassering i kohortar.  5.        	Kva oppleving sit de igjen med etter dåpen? Me sit igjen med ei oppleving av at dette vart ein flott og personleg dåp. Me synes ikkje restriksjonane har påverka dagen i ei negativ retning og svært fornøgd med dagen til Julie.  6.        	Har de noko å seia til andre som vurderer dåp? Me synes det gjekk fint å gjennomføra dåp til trass for restriksjonar og smittevernstiltak. Ein må gjerne planlegga litt meir, men dåpen og feiringa kan bli mist like fin! Og kanskje til og med meir personleg.  Tekst: Maria Halland Foto: Magne Halland  Pappa Tarjei Eide tenner adventslysa saman med dottera Alice.  Familien samla til dåp. Tarjei Eide, Maria Halland, Alice Eide og Julie Eide saman med prest Torbjørn Sæle. 

Pappa Tarjei Eide tenner adventslysa saman med dottera Alice.

– Me følte også at vår vesle familie blei godt inkludert gjennom heile dåpsgudstenesta. Storesøster Alice fekk vera med å følgja opp kyrkjegolvet, vera med å tenna adventslys og me fekk tørka hovudet til Julie etter dåpen. I tillegg fekk to av fadrane til Julie lesa kvar sin tekst. Det var ein dåp som kjentes personleg, og det sette me veldig pris på. Fleire av gjestane sa at dette var ein av dei flottaste dåpsgudstenestene dei hadde vore med på.

3. Korleis prega pandemien planlegginga og gjennomføringa av dåpsdagen?

Pandemien og dei nye retningslinjene gjorde at me måtte begrensa gjestar på middagen etter dåpen. Det førte til at ikkje alle som var invitert til kyrkja, kunne koma på middagen etterpå.

Me syns dagen blei veldig fin og opplevde at gudsteneste blei litt meir personleg, kanskje grunna restriksjonane og begrensa med folk i kyrkja, og at Julie var einaste barnet som blei døypt. Me følte at dagen vår blei sett i fokus.

4.        Korleis var feiringa?

Feiringa var veldig fin, og me er veldig glad me fekk gjennomføra dåpen, sjølv med litt færre på middagen og at me ikkje fekk snakka så mykje med alle grunna bordplassering i kohortar.

5.        Kva oppleving sit de igjen med etter dåpen?

Me sit igjen med ei oppleving av at dette vart ein flott og personleg dåp. Me synes ikkje restriksjonane har påverka dagen i ei negativ retning og er svært fornøgd med dagen til Julie.

6.        Har de noko å seia til andre som vurderer dåp?

Me synes det gjekk fint å gjennomføra dåp til trass for restriksjonar og smittevernstiltak. Ein må gjerne planlegga litt meir, men dåpen og feiringa kan bli mist like fin! Og kanskje til og med meir personleg.

Familien samla til dåp i kyrkja. Tarjei Eide, Maria Halland, Alice Eide og Julie Eide saman med prest Torbjørn Sæle.

Tekst: Maria Halland

Foto: Magne Halland

Tilbake