Lysmesse i Frøyset kyrkje


Søndag 16. januar er det lysmesse i Frøyset kyrkje kl. 18.00. Konfirmantane deltek aktivt i gudstenesta og du kan vera med.

 

Vi høyrer bibeltekstar om lys, syng songar om lys og tenner lys. Det er nattverd og takkofferet går til Søndagsskulen Norge.

Regjeringa har no letta litt på smitteverntiltaka, slik at det igjen kan vera inntil 200 personar på faste, tilviste plassar i kyrkja. Vi kan bruka alle benkane, men må framleis halda avstand. Det er registrering av namn og telefonnummer ved oppmøte, og alle over 12 må bruka munnbind under gudstenesta. Møt gjerne opp i litt god tid før kl. 18.00 slik at vi unngår kø ved registrering og plassering.

Lysmessa er den første av fleire temagudstenester dette året og vert med deltaking av konfirmantane tilhøyrande Frøyset og Sandnes kyrkje. Solheim-konfirmantane får eit eige opplegg seinare.

Prest er ansvarleg for smittevernet på gudstenester og kan kontaktast ved spørsmål i samband med dette. Vi viser elles til Masfjorden kommune si oppdatering 12. januar med oppmoding om å vera særleg merksame på symptom, ta sjølvtest ved luftvegssymptom, sørgja for god handhygiene og vera heime ved luftvegssymptom.

 

Tekst og foto: Torbjørn Sæle

Tilbake