To gudstenester 23. januar


Velkommen til gudsteneste i Sandnes kyrkje kl. 12 og til lysmesse med konfirmantane i Solheim kyrkje kl. 17.

 

Gudstenesta med dåp og nattverd i Sandnes kyrkje 23. januar kl. 12.00 går som planlagt.

I tillegg vert det lysmesse i Solheim kyrkje same dag kl. 17.00. Her deltek Solheim-konfirmantane i gudstenesta, og begge gudstenestene er opne. For regjeringa har letta litt på smitteverntiltaka, slik at det igjen kan vera inntil 200 personar på faste, tilviste plassar i kyrkja. Vi kan bruka alle benkane, men må framleis halda avstand. Det er registrering av namn og telefonnummer ved oppmøte, og alle over 12 må bruka munnbind under gudstenesta. Møt gjerne opp i litt god tid slik at vi unngår kø ved registrering og plassering.

Prest er ansvarleg for smittevernet på gudstenester og kan kontaktast ved spørsmål i samband med dette. Vi viser elles til Masfjorden kommune si oppdatering 12. januar med oppmoding om å vera særleg merksame på symptom, ta sjølvtest ved luftvegssymptom, sørgja for god handhygiene og vera heime ved luftvegssymptom.

 

Tekst: Torbjørn Sæle

Foto: Alimaa Tomor (frå førebuing til lysmesse i Frøyset kyrkje 16.1.22)

Tilbake