Ivar Haukeland mottok Frivilligprisen


Grunna koronapandemien har Frivilliprisen ikkje vore utdelt på nokre år. No er ein i ferd med å ta att det forsømte.

 

På Pensjonistforbundet Nordbygda sitt årsmøte måndag 14. februar vart Ivar Haukeland tildelt Frivilligprisen. Den består av eit arbeid av ein lokal kunstnar - dette året er det Anne Marit Palmer som er kunstnaren - og eit diplom.

 Det var ordførar Karstein Totland som stod for utdelinga. Men før det heldt leiar i styret for Frivilligsentralen ei lita tale, som var ei helsing til Ivar og ei lita grunngjeving  for at han vart tildelt prisen. Talen er attgitt her:

"Det er lite eg veit om motorar. Men eitt veit eg: motorar treng olje. Og det gjeld uansett om det er dieselmotorar, bensinmotorar eller elektriske motorar. Dei treng olje til smørjing, slik at friksjonen mellom delane vert minst mogleg. Då varer motoren lengst, og ein brukar mindre energi på jobben som motoren skal gjere.

Difor er det viktig å fylgje litt med, og sjå til at motoren får tilførsel av olje og ikkje går tørr. Det kan ha alvorlege – ja, enkelte gongar endåtil fatale – konsekvensar. Difor er planmessig etterfylling av smøreolje eit svært viktig tiltak.

Eit lite samfunn som vårt kan godt samanliknast med ein motor. Vi er som små delar som gjer våre ting, av og til åleine, andre gongar saman med andre. Og til liks med dei ordentlege motordelane treng vi også å smørjast litt av og til.

Men vi menneske skal ikkje smørjast med petroleumsprodukt. Vår «olje» er dei villige hendene, omtanken for andre, det varme og venlege smilet vi vert møtt med. Vi er heldige som har tilgang på slik olje. Men vi bør hugse at det ikkje berre er maskiner som treng etterfylling.

Det er difor Masfjorden frivilligsentral deler ut Frivilligprisen. Prisen er meint å vere ein honnør til ein som gjennom veremåte og gjerning er og har vore olje i lokalsamfunnet vårt. Og i dag er det ein herverande person som skal få Frivilligprisen.

Eg vil fortelje to ting om vedkomande : Det eine er at vedkomande stort sett alltid møter sine medmenneske med ein heilhjarta smil. Einaste situasjonen eg har observert at denne personen ser alvorleg ut, er når vedkomande skal fortelje ei morosam historie.  

Det andre er eit minne frå mi tid som lærar ved Nordbygda skule. På ei foreldresamling som handla om kva som kunne gjerast for å forebyggje mobbing, vart dei som var til stades bedne om å dele med kvarandre ord som dei assosierte med det å kjenne seg trygg. Heilt spontant kom det frå ei av dei som var til stades : «Pappa!»

Det er forunderleg kor mykje eitt enkelt ord kan romme.

Som de no har forstått, vert Frivilligprisen delt ut til ein mann. Ein mann som er her. Ein mann som møter sine medmenneske med eit varmt smil. Ein mann som gjennom mange, mange tiår har stått på, og utrøytteleg og på mange ulike måtar har gjort ein heilhjarta innsats for sine sambygdingar.

Det er neppe nokon som er overraska over å få vite at Frivilligprisen går til Ivar Haukeland. Og det er neppe nokon som meiner noko anna enn at dette er ein pris du Ivar verkeleg  har gjort deg særs fortent til.

Gratulerer, og takk!"

For styret i Frivilligsentralen

Rune Garmann

 

Tekst og foto: Rune Garmann

Tilbake