Nødhjelp til Ukraina


Det pågår no innnsamling av klede m.m. til menneske på flukt i og frå Ukraina. Les meir om korleis du kan bidra.

 

Kyrkja i Masfjorden og andre kyrkjer i Nordhordland samarbeidar med stiftinga THK om nødhjelp til menneske på flukt i og frå Ukrania. No er det størst behov for sengetøy, soveposar, liggeunderlag, ullteppe, varme klede og sko.

Du kan levera til:

  • Masfjorden kyrkjekontor i kjellaren på kommunehuset torsdag 3. mars kl. 11-15.
  • Kyrkjelydssalen på Frøyset søndag 6. mars kl. 10-12.15, i samband med gudstenesta kl. 11.00.

Det er også mogleg å støtta THK med transportkostandar, Vipps nr. 84346.

Det som blir samla inn frå Masfjorden vil bli levert vidare til THK. Oddmund Eidsheim garanterer at hjelpa kjem fram dit ho skal.

– Dei som er våre givarar, kan vere sikre på at det vert godt teke i mot. Det vert ikkje sendt ein bil frå Noreg om vi ikkje har eit mottaksapparat. Vi er seriøse, og eg kjenner personleg folka som dette skal køyrast til. Eg veit dette går bra, seier Eidsheim til Strilen.

Om du er i nærleiken av andre innsamlingstader i Alver, kan du sjølvsagt levera bidrag direkte der.

Les meir om innsamlinga og leveringstida for Kyrkja i Alver her.

Her finn du ei bøn for Ukrania som også vert nytta i forbøna på gudstenestene i kyrkjene våre.

 

Tekst: Torbjørn Sæle

 

Tilbake