Høyringssvar frå soknerådet


I oktober 2021 handsama soknerådet eit høyringsdokument frå Kyrkjerådet som handla om framtidig organisering av Den norske kyrkja.

 

Dette er ei stor og viktig sak, som handlar om korleis kyrkja sin plass i det norske samfunnet vil vere i framtida. Kyrkja er ikkje lenger ei statskyrkje, og dette har konsekvensar for rammene kyrkja skal arbeide innan, og for korleis det kan vere fornuftig å organisere Den norske kyrkja.

Soknerådet la ned eit godt og grundig arbeid med høyringa, og svaret som vart oversendt Kyrkjerådet, er no offentleg. Ein kan hente det fram ved å peike og klikke her - det er å finne på s. 825 i dokumentet ein vi få fram. 

Tilbake