Klokkeringing for Ukraina søndag 13.mars


Søndag 13. mars vil me i kyrkjene våre i Masfjorden, saman med mange andre kyrkjer i Norge, ringe med kyrkjeklokkene våre kl. 13:00. 

 

Russlands invasjon av Ukraina har sjokkert ei heil verd. Det røre ved oss alle, også som kyrkjelydar og nasjonal kyrkjeleg fellesskap i Norge.  I ein del kyrkjelydar rundt om i landet vårt forbereda ein mottak av flyktningar frå krigsområder. Andre er med på fredsmarkeringar. I Masfjorden har me fått være med å samle inn klede, sengetøy mm. i samarbeid med THK stiftelsen.

På søndag, den 13.mars kl. 13:00 vil me i Sandnes, Solheim og Frøyset kyrkje,  saman med mange andre kyrkjer i landet, markere vår solidaritet med dei som lid pga krigen  i Ukraina og dei mange som i desse dagar er på flukt. Dette gjer me  ved å ringe med kyrkjeklokkene våre i 7 minutt frå kl. 13:00, slik preses i Den norske kyrkje Olav Fykse Tveit har oppmoda oss om.

La oss og være med og be for dei som er ramma av krigen, og for alle som er prega av angst og uro.

På Sandnes er det gudsteneste denne søndagen kl. 11:00, der borna som deltar på Lys våken i helga er med. Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi og årsmøte i Masfjorden sokn.

                                                                                                                                      Tekst og foto: Eli Eidsnes

Tilbake