"Alt var i grunnen veldig gøy!"


Dette var oppsummeringa ein av deltakarane på "Lys vaken"-helga i Sandnes kyrkje delte.

 

Gudstenesta i Sandnes kyrkje 13. mars var prega av at det hadde vore godt og vel eit dusin ungdommelege overnattingsgjestar i kyrkja frå laurdag til søndag. Gudstenesta opna med at ungdomane saman med undervisningsleiar og prest kom inn i kyrkja i prosesjon.

Også utover i gudstenesta var dei unge med, både gjennom aktiv deltaking i salmesongen og ved å bidra med tekstlesing. Preiketeksten for dagen var - høveleg nok - forteljinga om då Jesus som tolvåring vart att i tempelet.

Deltakarane fekk også høve til å fortelje litt om kva dei hadde vore med på under "Lys vaken"-samlinga, og korleis dei hadde opplevd å vere saman på denne måten. Og eitt av svara er sitert ordrett i overskrifta.

Etter gudstenesta var det tid for årsmøte for Masfjorden sokn. Hovudsakene på årsmøtet var årsmelding og årsrekneskap. Dei som ikkje var til stades på årsmøtet, vil kunne finne desse dokumenta ved å peike og klikke her.

 

Tekst og foto: Rune Garmann

 

Tilbake