13. april kl. 19, onsdagen i den stille veka, kan du få presentert påskebodskapen i tekst og tonar i Sandnes kyrkje.
Prest Torbjørn Sæle deler eigne tekster skrive frå disippelen Peter sitt perspektiv. Innimellom kan du lytta til vakker musikk av Ove I. B. Danielsen, Vibeke Bjørndal Midttun og Stine Karin Sæle. Songane står tett til Bibelens påskeforteljing og fleire av dei er skrivne av musikarane sjølve, som alle bur i Alver.
«Peters påske – i tekst og tonar» er ein kveld der du kan vera med disippelen Peter gjennom påskedagane, tett på Jesus, med utgangspunkt i påsketekstane i Markusevangeliet. Frå palmesøndagens jubelrop og det siste måltidet, via svik og nederlag, til fortviling, nytt håp og glede.
Arrangementet er gratis, varar ein god time og er i regi av Kyrkja i Masfjorden. Det vert mogleg å gje ei gåve til UCARE sitt barnesenter i Kenya, Ucare Maisha Center.
Vi minner også om alle påskegudstenestene som du finn i kalendaren og samla på påskeplakaten her.
Plakat for Peters påske finn du her.
Tekst: Torbjørn Sæle