Helge Andvik mottok Frivilligprisen


Den 13. mars var det gudsteneste i Sandnes kyrkje, med påfylgjande årsmøte for Masfjorden sokn. Ein nytta dette høvet til å dele ut nok ein frivilligpris. 

 

Denne gongen var det Helge Andvik som fekk prisen, som ei takk for eit mangeårig engasjement i eige lokalmiljø og på kommunalt plan, ikkje minst innan det kristne arbeidet i bygdene våre.

Prisen, som er eit diplom og eit bilete av Anne Marit Palmer,  vart delt ut av formann i Frivlligsentralen sitt styre, Rune Garmann, som heldt denne talen til prisvinnaren:

«Skal eit hus kunne brukast over lang tid, er det to ting som gjeld. Huset må vere godt bygd, og det må vedlikehaldast vel.

For å seie litt om bygginga: Fundamenteringa må vere god. Det beste er å byggje huset på fjell, og det er noko folk har visst i uminnelege tider. Det ser ein mellom anna av ei av Jesu likningar, i Lukas 7.24-27.  Det er ikkje alltid ein ser så mykje av fundamentet når huset er ferdig bygd. Men over tid vil ein kunne avgjere om fundamenteringa har vore god.

Minst like viktig er det som kjem oppå fundamentet. Rett material i rett dimensjon, sett opp i tråd med kva som skal vere i lodd og kva som skal vere i vater, og med tilstrekkeleg solide samanføyingar.

Vert huset bygd med gode materialar og på rett måte, kan det stå lenge – svært lenge. Men det krev vedlikehald. Det krev at nokon som forstår seg på det, ser etter huset og gjer ein innsats når det er behov for det. Det krev dyktige og dedikerte bygningsfolk.

Men det er som det står i songen : «Husan e’ som folk.» Og på same vis som med husa, treng vi at nokon byggjer gode fundament for lokalmiljøet vi lever i, at nokon som kan det, byggjer eit miljø der vi har vår rette plass, og der vi vert samanføyd med andre på ein god måte. Og vi treng at nokon ser kva som trengst for å halde det gode miljøet ved like.

I dag har eg gleda av, på vegne av Frivilligsentralen i Masfjorden, å få dele ut Frivilligprisen til ein som i mange år har framstått som ein dyktig bygningsmann i og for nærmiljøet vedkomande er ein del av. Denne personen har bidrege på ulikt vis, mellom anna ved å etablere og halde ved like eit kristent ungdomsarbeid i bygda vedkomande bur i. Men også i andre samanhengar har vedkomande vore ein viktig aktør og pådrivar, både i eiga heimbygd, men også for andre delar av kommunen gjennom politisk arbeid på kommuneplan.

Vi snakkar om ein dyktig bygningsmann – både når det gjeld miljøet han er ein del av, og når det gjeld hus. Vi snakkar om Helge Andvik.

Helge, det er ei stor glede for meg å overrekkje deg denne prisen på vegne av styret i Frivilligsentralen i Masfjorden. Eg veit at dette er ei velfortent utmerking, og at alle som kjenner deg og innsatsen din veit det same.

Hjarteleg til lukke, og ein varm takk frå oss alle!»

Tekst: Rune Garmann
Foto: Helga Ekehaug

 

 

Tilbake