Velkomen til påskesongfest i Frøyset kyrkje tirsdag 26.april kl. 18:45-21:00.
Då vil me ha PÅSKESONGFEST i kyrkja. Kva skal så ein kjekk fest innehalda? For min del blir det gjerne fest om det er song, musikk, mat og kjekke folk. Så det satsar me på denne kvelden!
Organisten vår Anne Merethe Reknes vil gleda oss med musikk frå orgelet, og vere tonefylgje til dei fine påskesongane me skal få synga saman. Sokneprest Torbjørn Sæle deler eit ord for kvelden. Og kyrkjeutvalet på Frøset har lova å lage god mat til oss alle.
I år markerer me «Frivilligåret 2022» i Norge, og dette vil gje utgangspunkt for samtale denne kvelden. Prost Helge Taranrød hjelper oss i gang med praten rundt temaet «den nye frivilligheita i kyrkja».
Så håpar me at mange har lyst å kome denne kvelden. Tidspunktet er tilrettelagt ferjetidene for kabelferja, slik at alle i Masfjorden kan bli med.
Tekst: Eli Eidsnes Foto: Torbjørn Sæle