Dette handlar om ein fin detalj ved langfredagsgudstenesta i Frøyset kyrkje.
Mykje av innbuet og dekoren i ei kyrkje har fleire funksjonar. Til dømes er bilete som heng i ei kyrkje, ofte ein illustrasjon av eit bibelsitat eller ei bibelforteljing.
Men mangel på dekor kan også illustrere noko. På Langfredag er det ikkje uvanleg å unnlate å tenne alterlys, og dessutan tonar ein ofte ned bruken av blomar på alteret. Mange stader er det skikk å leggje ein svart duk over det elles så fargerike og dekorative alterkledet.
Biletet over syner korleis alteret i Frøyset kyrkje såg ut på gudstenesta Langfredag. Alteret var dekka av ein svart duk, og der det til vanleg ville vore plassert ein vase med blomar, var det no sett fram ei fletta tornekrone, pryda med fem raude roser.
Dei fem raude rosene symboliserer dei fem såra Jesus fekk ved krossfestinga. På den måten vart den rosepryda tornekransen ei kraftfull påminning om det som er kjernen i langfredagsdelen av påskehistoria: Jesu liding og død.
Det er Kolbjørn Reknes som har laga denne kransen. Det fortener har stor takk for.
Tekst og foto : Rune Garmann