Vi du bli vår nye medarbeidar?


Me søkjer i desse dagar etter barne- og ungdsomsarbeidar/trusopplærar. 

 

Helga Ekehaug ha fått innvilga studiepermisjon frå hausten. Me søker difor etter ein ny medarbeidar til staben vår. Vil du jobba med barn og unge i kyrkja vår, eller kjenner du nokon som kunne passa til den jobben? Då håpar me du vil ta ein kikk på annonsen og sende ein søknad, eller tipse nokon du kjenner om dette.

Fullstendig stillingsannonse finn du HER.

Litt om stillinga

Vi søkjer etter vikar i tidsrommet 1. august 2022 – 1. juli 2025.

Stillinga utgjer 80%, og skal fylle desse funksjonane :

  • Arbeid med konfirmantar; førebuing, gjennomføring og etterarbeid, i samarbeid med sokneprest. (Vil utgjere om lag 20%)
  • Framhald og utvikling av etablerte trusopplæringstiltak, som Tårnagent, Lys vaken, kyrkjebøker til fire- og tiåringar, andre samlingar for born i barnehage- og grunnskulealder. (Vil utgjere om lag 50%)
  • Informasjonsarbeid og kontaktskapande arbeid mellom kyrkja og folk som bur i bygdene våre. (Vil utgjere om lag 10%)

Vi tenkjer at den som vert tilsett skal få høve til å gi tenesta «sitt» preg gjennom måten dei ulike oppgåvene vert løyst på.

Det kan vere aktuelt å dele opp stillinga mellom fleire personar. Det vil også vere høve til å gå inn i vikariatet for ei kortare tid enn heile permisjonstida.

Søknadsfristen er 15.mai 2022. 

Elektronisk søknad via stillingsannonsa som du finn ved å trykke HER.

 

Tekst: Eli Eidsnes   

Foto: Alimaa Tomor

Bildet er frå dramatiseringa av historia om den bortkomne sauen, under utdelinga av 4 årsbok i Frøyset kyrkje.

Tilbake