Velkomen til gudsteneste i Solheim kyrkje, med fred og solidaritet som sentrale stikkord.
I år fall 8. mai på ein søndag, og det var naturleg å knyte frigjeringsdagen vår til ei temagudsteneste om fred og solidaritet. Gudstenesta, som vert halden i Solheim kyrkje klokka 11:00, vert forretta av prost Helge Taranrød.
Umiddelbart etter gudstenesta vil styrar ved Bjørn West-muséet, Arnold Matre, fortelje litt om «russarleiren» på Matre, og om lagnaden til fangane som vart haldne der. Men han vil også seie litt om korleis folk på Matre etter beste evne prøvde å hjelpe fangane og lette dei harde vilkåra desse levde under.
Deretter er alle inviterte til ein kort seremoni med blomepålegging på grava til dei fire fangane som vart gravlagde på Solheim kyrkjegard.
Etterpå vert det kyrkjekaffi. Velkomne, alle!
Tekst: Rune Garmann
Foto: Bicanski