I år som i fjor vert det fire friluftsgudstenester i Masfjorden. Den første er ved Dagsturhytta på Kristi Himmelfartsdag, 26. mai kl. 12.
Å feira gudsteneste ute gjev ei anna ramme. Nytt høvet til å besøkja den fine dagsturhytta Fjordblikk. Følg skilt til parkering frå Nordkvingekrysset. Kortaste veg er på knapt 1,5 km på sti. Kle deg etter vêr og vind og ta gjerne med noko å sitja på. Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi. Det er mogleg å gå inn i hytta.
Her er oversikt over årets friluftsgudstenester i Masfjorden.
- 26. mai kl. 12.00 (Kristi Himmelfartsdag/Helgetorsdag). Dagsturhytta Fjordblikk i Grøttneset. Trusoppleiar Helga Ekehaug leiar gudstenesta, kyrkjelydsmusikar Anne Merethe Reknes og blåsegruppe. Takkoffer til SOS Barnebyer. Kyrkjekaffi.
- 6. juni kl. 11.00 (2. pinsedag): Stemmevatnet på Solheim (ved gapahuken). Prost Helge Taranrød, kyrkjelydsmusikar Anne Merethe Reknes. Kyrkjekaffi.
- 3. juli kl. 11.00: Reknesskjerjane. Prost Helge Taranrød, Anne Merethe Reknes. Kyrkjekaffi.
- 21. august kl. 15.15: Stordalen fjellstove. Torbjørn Sæle, Anne Merethe Reknes. Kafé og program i samband med Bjørn West-marsjen.
Det vert altså ei friluftsgudsteneste i kvar kyrkjekrins i tillegg til gudstenesta i samband med Bjørn West-marsjen. Fullstendig oversikt over gudstenestene framover finn du i kalendaren.
Tekst og foto: Torbjørn Sæle