Mandag 06.juni blir det friluftsgudsteneste ved Stemmevatnet på Solheim.
2.pinsedag er det meldt strålande sol og god temeparatur, så då passar det godt at det blir friluftsgudsteneste ved Stemmevatnet på Solheim. Det er fin grusa turveg langs vatnet inn til gapahuken, ein kan og kjøre inn ved behov. For dei som ikkje er kjent finn du Stemmevatnet ovanfor kyrkja. Visst du kjem gamlevegen frå Haugsvær, fortset du opp bakken i staden for å kjøre ned på kaien på Solheim. Og kjem du Masfjordvegen innover tar du av på Krossleitet (skilt til Solheim) så får du Stemmevatnet på venstre side litt nedanfor.
Håpar mange har lyst å ta ein tur ut i den flotte naturen her for å feire gudsteneste! Prost Helge Taranrød og kyrkjemusiakar Anne Merethe Reknes. Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi.
Tekst og Foto: Eli Eidsnes