Friluftsgudsteneste 3.juli


Så er turen kome til Reknesskjerjane på utegudstenesteplanen vår. 

 

Legg søndagsturen til Reknesskjerjane 03. juli 2022 og få med deg friluftsgudstenesta ved fjorden kl. 11.00! Kom sjøvegen eller følg raude og kvite merker langs sti frå Masfjordvegen 146 der du kan parkera ved vegen nedom løa. Ca 15 minutt å gå i lett terreng, eller litt meir viss du stoppar og plukkar blåbær!

Gudstenesta er ved Helge Taranrød og ei messinggruppe spelar. Etterpå ventar ein god kyrkjekaffi.

                                                                                                       

Tilbake