I juli er det gudsteneste på Solheim og Fjon. Og i august er det gudstenester i alle kyrkjene våre i tillegg til friluftsgudsteneste i Stordalen. Du finn også oversikt over andre gudstenester i Nordhordland lenger nede i artikkelen.
17.juli er det ettermiddagsgudsteneste kl.16:00 i Solheim kyrkje. Då er det vikarprest Kåre Berge og den flinke Gulen organisten Peter Jobbagy me får høyre. Håpar mange av dei som er i Masfjorden den helga tar turen til Solheim.
På Oslok den 29.07 blir det gudsteneste og olsokstemne på Fjon Fjellkyrkje for heile Nordhordland slik det har vore tradisjon for i mange år. Meir informasjon om program og pris kjem. Men me kan røpa at det blir rømmegraut, lett program og bålbrenning om været tillet det.
I august står konfirmantane våre i fokus. Haustens første konfirmasjonsgudsteneste er den 13.08 kl. 11:00 på Sandnes. Og den 28.08 er det gudstenester i alle kyrkjene våre der me presenterer dei nye konfirmantane som skal konfirmerast våren 2023. Me deler og ut bibelbok til 10 åringane denne søndagen. Helga før er det Bjørn West marsj og den tradisjonelle friluftsgudstenesta i Stordalen den 21.08 kl.15:15.
Om du vil ta deg ein rundtur i Nordhordland i sommar finn du oversikt over gudstenestene rundtom ved å trykke HER.
Oppdatert informasjon om gudstenester i Masfjorden og klokkeslett finn du alltid i kalendaren lenger nede på nettsida.
Velkomen til gudsteneste og riktig god sommar alle saman.
Tekst og foto: Eli Eidsnes