Me er så heldige å ha fått to flotte damer på plass i stillingane der dei skal arbeide med barn og unge i kyrkja. Me ynskjer dei varmt velkomen til kyrkja i Masfjorden.
Helga Ekehaug er no i gang med studiepermisjonen sin, og me er difor glad for å ha fått tilsatt vikarar for henne.
Tina Meland Corneliussen er tilsett som trusopplærar i 60% stilling og skal arbeide med trusopplærings tiltak for hovedsakleg borna. Ho skal og jobba med kyrkelydsbladet Masfjordingen med meir. Ho er allereie godt i gang med jobben, så de høyrer nok frå ho etterkvart. De kan få helsa på ho på gudstenestene den 28.august, då ho skal dele ut bøker til 10 åringane saman med sokneprest Torbjørn Sæle.
Bergit Ynnesdal er tilsett som ungdomsarbeidar i 20% stilling, og skal hovedsakleg arbeide med konfirmantane. Ho har allerede vore med på sin første konfirmasjon som tilsett, og er snart i full gang med å planlegge konfirmasjonsåret for dei nye konfirmantane, saman med staben.
Me ynskjer begge velkomen til oss, og lykke til i ny jobb.
Tekst og foto: Kyrkjeverje Eli Eidsnes