Konsert i Solheim kyrkje


Laurdag 20.august kl. 19:00 er det konsert med Amalie Duesund og Rune Alver. Sjå meir info under

 

Konserten BØN FOR FRED med Amalie Duesund på fløyte og Rune Alver på piano blir halde i Solheim kyrkje laurdag 20.august kl. 19:00.

Arrangøren Masfjorden kommune/ Sommarscena skriv dette om konserten.

Vi lever i ei tid med konflikt og ufred. Gjennom uminnelege tider har Aust- og Vest- Europa hatt spanande kulturutveksling. På denne konserten fokuserer vi på vår felles rike kulturarv.

Masfjorden kommune har teke imot flyktningar frå krigsherja Ukraina og i konserten vil ukrainske flyktningar fortelja litt frå si historie. 

Konserten går av stabelen dagen før Bjørn West-marsjen. Det blir naturleg å trekkje paralellar

mellom det som skjedde her hjå oss under 2. verdenskrig og det som skjer i Ukraina nett no.

Billettpris: Kr 200. Under 15 år gratis

 

Tilbake