Bøn for fred - Ukraina i våre hjarta


Det er fint når vi kan nytte kyrkjene våre til å samlast om å oppleve gode kulturelle opplevingar, slik vi gjorde det i Solheim kyrkje 20. august

 

Dette var tittelen på konserten Amalie Duesund (fløyte) og Rune Alver (piano) heldt i Solheim kyrkje laurdag 20. august. Ein raud tråd gjennom heile konserten var korleis det til alle tider har vore kulturell utveksling og kulturelt samspel mellom aust og vest, eksemplifisert gjennom musikkstykke av komponistar av ulike nasjonalitetar frå 1700-talet og fram til i dag,


Innslaga vart introdusert av musikarane sjølv, og på den måten sett inn i ein større samanheng, der krig og fred var eit gjennomgåande tema.


Då var det naturleg å tenkje på krigen som i desse dagar har rast i Ukraina i eit halvt år. At konserten hadde eit innslag av ein ukrainsk komponist, Nicolai Kasputin, var difor heilt på sin plass. Dette er for øvrig ein komponist som i stor grad har late seg inspirere av vestleg jazz, samstundes som har har teke med seg den rike klavertradisjonen ein finn i austeuropeiske land. Ein god representant for det kulturelle samspelet mellom aust og vest, med andre ord.


Men musikken til Kasputin var ikkje det einaste ukrainske innslaget denne kvelden. Frå Bergen kom soknepresten i den ortodokse kyrkjelyden Kristi åpenbaringsmenighet, Fader Dmitrij Ostanin – sjølv ukrainar- saman med kone og dottera Anastasiya og eit par andre kyrkjelydsmedlemer. Fader Dmitrij heldt ein appell der han på norsk og ukrainsk formante oss om å vere som fedre og mødre, systre og brødre, for dei som har måtta reise frå alt i heimlandet sitt.

Anastasiya spelte fløyte, og ein treng ikkje vere stor spåmann for å hevde at dette er ei dame som vil nå langt om ho stemnar fram slik som no.

Også andre ukrainarar hadde funne vegen til Solheim kyrkje. Invitasjon var send til ukrainarane som bur hos oss, og mange hadde takka ja til dette. Tilliks med oss norske fekk dei oppleve ein konsert som var vakker og dagsaktuell. Som ein av tilhøyrarane sa i ettertid: «Dette er noko av det flottaste og mest meiningsfulle eg har vore med på her i kyrkja!»

Det var nok fleire som kunne ha sagt det same.

Tekst og foto: Rune Garmann

Tilbake