6. november er det helgemessesøndag og minnegudstenester i alle tre kyrkjene i Masfjorden.
Helgemesse – eller allehelgen – er ein dag for å minnast dei som er døde. Samstundes er det ein dag med håp. Håpet om ein ny himmel og ei ny jord, utan liding, sjukdom og død.
Vi takkar Gud for livet og fellesskapen, og vi ber om hjelp i sorga og saknet etter våre kjære. Namna på dei som har gått bort det siste året vil bli leste opp, og det blir tent lys i kyrkja. Mange tennar også lys på gravene denne første helga i november.
Familiar som har mista nokon det siste året vert spesielt inviterte denne dagen, men gudstenestene er open for alle. Gudsteneste er ved sokneprest Torbjørn Sæle og organist Boris Kuprijanov. Det er kyrkjekaffi etter gudstenestene.
Velkommen til minnegudstenester 6. november i
Sandnes kyrkje kl. 11.00
Solheim kyrkje kl. 14.30
Frøyset kyrkje kl. 17.00
Tekst: Torbjørn Sæle
Foto: kyrkja.no