Å sitje saman med andre og høyre nokon fortelje, kan vere ein fin oppleving. Å sjå bilete knytt til det som vert fortalt, gjer opplevinga rikare. Og musikk som høyrer til, gjev opplevinga endå eit lyft.
Tysdag 22. november kl.19:30 kan vi alle få oppleve dette i Solheim kyrkje. Då får vi besøk av Christian Stejskal, forteljar, fiolinist og fotograf. Han vil dele med oss forestillinga «Markusevangeliet». Her resiterer han evangeliet etter Markus, og dette er sett saman med fotografi han har teke på ulike stader i Midt-Austen. Innimellom spelar han eigenkomponert musikk på fiolin.
Christian Stejskal er utdanna fiolinist frå musikkhøgskulane i Oslo, Hannover og Bern. Han har lang fartstid som orkestermusikar i mellom anna Den norske opera sitt orkester, Trondheimsymfonikarane og symfoniorkestera i Kristiansand, Stavanger og Tromsø. I tre år var han fyrstefiolinist i Kairooperaen sitt orkester.
Samstundes har han arbeidd som fotograf på høgt nivå, og han kan syne til utstillingar både her heime og i utlandet. Medan han arbeidde som fiolinist i Kairo, laga han ein fotodokumentasjon om livet til «zabaleenarane», kristne renovasjonsarbeidarar i Kairo. Dette resulterte i den kritikarroste multimediaframsyninga «Mitt nabolag», som er vist over 200 gongar i Noreg. Prosjektet var støtta av mellom andre Fritt ord, Stiftelsen Astrup Fearnley, samt Den norske ambassaden i Kairo.
Forestillinga «Markusevangeliet» er ei oppfylgjing av «Mitt nabolag». Utgangspunktet er evangeliet etter Markus, slik vi finn det i Bibelen. Fotografia, skriv Christian Stejskal, «illustrerer evangeliet med utgangspunkt i om Jesus hadde kommet til et postmodernistisk Midtøsten i 2020…».
Dette kan verte ei spanande og interessant innleiing til adventstida. Velkomne, alle!
Det vert ikkje teke inngangsbillettar til denne framsyninga. I staden oppmodar ein alle som vil, til å gi ein skjerv via VIPPS. Inntektene vil verte lagt i eit fond som skal nyttast til å bidra til at ein kan halde fram med å lage til kulturelle arrangement i kyrkjene våre.
For Masfjorden sokneråd,
Rune Garmann, leiar
Bilete: © Christian Stejskal