I kalenderen finn du oversikt over komande gudstenester. Ved dei fleste gudstenester er det rom for å ha dåp.
Nokon har kanskje merka seg at det går litt i «rykk og napp» med gudstenestene i Masfjorden. Dette har sine naturlege grunnar, og det er fleire omsyn å ta når kabalen skal leggjast for eit nytt semester.
Nokre søndagar er det to eller tre gudstenester i Sandnes, Solheim og Frøyset kyrkje same dagen, t.d. ved konfirmantpresentasjon, utdeling av bøker til 4, 6 og 10-åringar og ved minnegudstenester. For kyrkja i Masfjorden er det eit ønskje om å gje eit godt tilbod i alle bygdene. Då har det vist seg å vera mindre ressurskrevjande for t.d. trusopplærar/konfirmantmedarbeidar å vera med ein heil søndag i staden for fleire helger på rad. Tilbakemeldingane på dette har vore gode, og det er fint å merka at folk ser ut til å finna vegen til kyrkja på litt ulike tidspunkt på dagen.
Som følgje av dette vert det nokre fleire søndagar utan gudsteneste i kommunen, og få vanlege gudstenester vert lagt til skuleferiar. Gudsteneste ved høgtider som jul, påske og pinse, samt på andre merkedagar som til dømes 17. mai, har framleis høg prioritet. Det vil også vera nokre temagudstenester og fleire årlege friluftsgudstenester i sommarmånadane. Mange av gudstenesteneste i Masfjorden vil ha eit spesielt fokus, t.d. med trusopplæringstiltak eller 50-årskonfirmantjubileum. Når ein halvårleg gudstenesteplan vert lagt, er også dette teke med i planlegginga. Talet på gudstenester i Masfjorden ligg stabilt på rundt 50 i året. Det er også nokre årlege gudstenester på Masfjorden sjukeheim.
For dei som ønskjer gudsteneste oftare, minner vi om at NRK no sender gudstenester kvar søndag på TV (NRK1/NRK 2) og radio (P1+) søndagar kl. 11.
I Masfjordingen finn du alltid oversikt over gudstenesteneste fram til neste blad kjem ut. Oppdatert oversikt over komande gudstenester vil du alltid finna i kalenderen her på nettsida til kyrkja.
Ved dei fleste gudstenestene vil det vera mogleg med dåp. I spesielle tilfelle kan det vera aktuelt å ha dåpen i ei eiga gudsteneste, til dømes etter ei konfirmasjonsgudsteneste. Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret om du har spørsmål eller ønskjer å bestilla dåp. Kontaktinfo finn du under "Kontakt oss".
Følgjer du «Kyrkja i Masfjorden» på Facebook, vil du normalt sett også få ei påminning om komande gudsteneste.
Om du har tankar og innspel til dette, må du meir enn gjerne ta kontakt med nokon i staben eller soknerådet.
Vi sjåast i kyrkja! Og du, det er sjølvsagt lov å ta turen til ei av dei andre kyrkjene enn den som er nærast deg!
Tekst: Torbjørn Sæle
Foto: Bo Mathisen