Minneord til Gunvor


Gunvor Fyllingsnes døydde 21. februar, og vart gravlagt frå Knarvik kyrkje 3. mars. Dette minneordet frå oss i Masfjorden vart delt ved båra hennar.

 

Då Gunvor Fyllingsnes sommaren 1987 tok til i arbeidet som kyrkjelydssekretær hos oss i Masfjorden, vart vi kjende med ei energisk dame som verkeleg var glad i arbeidet sitt, og ikkje minst var ho glad i dei ho arbeidde for. Det siste kan og skal tolkast på to måtar : Gunvor var oppteken av at folk rundt henne skulle få noko positivt ut av innsatsen hennar, og ho hadde eit nært og tett trustilhøve til Han ho hadde fått mandatet frå. Det er neppe feil å seie at Gunvor oppfatta tenesta si hos oss i Masfjorden som eit kall.

Gunvor sparte seg ikkje. Lenge var det heller regelen enn unntaket at ein førehandsomtale av eit arrangement i regi av kyrkja slutta med frasen «Gunvor Fyllingsnes tek del». Det vart for spøk sagt at det kan hende ville vere mindre arbeid å skrive «Gunvor Fyllingsnes tek IKKJE del», på dei få tilskipingane der det var tilfellet.

Innsatsen hennar ga resultat. Barne- og ungdomsarbeidet i kyrkjelydane våre fekk eit fint oppsving i desse åra. I 1991 vart ansvaret som leiar i den nyoppretta Masfjorden frivilligsentral lagt til stillinga hennar. Det er inga overdriving å seie at ein fekk meir ut av stillinga enn det stillingsprosenten hennar skulle tilseie. Noko skuldast nok høvet til samordning av oppgåver mellom ansvarsområda hennar, men viktigare var det nok at arbeidsinnsatsen til Gunvor gjennomgåande var større enn stillingsprosenten hennar skulle tilseie. Som sagt: Gunvor sparte seg ikkje.

I 1994 fekk ein  tildelt prosjektmidlar til 25% stilling for utarbeiding av plan og igangsetjing av dåpsopplæringsarbeid ut frå den nye dåpsopplæringsplanen til kyrkja, og Gunvor bidrog i dette arbeidet på ulikt vis, både som planleggjar og igangsetjar, og ikkje minst som gjennomførande kraft.

Men det er viktig å få fram at det ikkje berre var born og unge i Masfjorden som nytte godt av arbeidsinnsatsen til Gunvor. Med seg inn i arbeidet sitt hadde Gunvor røynsler frå arbeid med menneske i mange ulike livsfasar, og ho synte det same sterke engasjementet for alle.

Det er rett å seie at Gunvor har sett spor etter seg i grendene våre. Det er også rett å seie at Gunvor har sett sine spor etter seg i hjarta til mange av dei ho møtte i sin gjerning her hos oss. Ei ung dame har uttrykt dette på denne måten:

«Gunvor var ein viktig del av den tida me var born og ungdom! Ho var med oss på leir, hadde yngres for oss, og mykje meir! Alt dette har hatt stor påverknad på livet vårt i ettertid, og det er mange gode og fine minne å ta med seg. Ho var ein av grunnane til at me hadde eit kristent fellesskap som barn. Dette trur eg de fleste av oss sette stor pris på. Det gjer eg.»

På den måten vert det kanskje framleis rett å seie i einskilde samanhengar: «Gunvor Fyllingsnes tek del.»

På vegne av Den norske kyrkja i Masfjorden og folk som bur i grendene våre, vil eg få takke deg, Gunvor, for alt det gode du har gjort  for oss, og lyse fred over minnet ditt.

Tekst og bilete: Rune Garmann

Tilbake