Velkommen til 17. mai-gudstenester i Masfjorden. Les meir om programmet her.
Kl. 10.00: Gudsteneste i Solheim kyrkje ved prest Torbjørn Sæle og organist Johannes Lyngset. Solosong. Kransnedlegging ved kyrkja etter gudstenesta før prosesjonen går frå kyrkja og ned til Solheim grendahus.
Kl. 11.45: Gudsteneste i Sandnes kyrkje ved prest Torbjørn Sæle og organist Johannes Lyngset. Sandnes skulemusikk spelar. Kransnedlegging ved kyrkja etter gudstenesta før folketoget går frå kyrkja til Sandnes skule.
Kl. 15.30: Gudsteneste på Masfjorden sjukeheim ved prest Torbjørn Sæle og pianist Johannes Lyngset. Solosong. Tale ved Rune Garmann etter gudstenesta.
Tekst og foto: Torbjørn Sæle