Søndagstur til Dagsturhytta


Søndag 10. september kl. 11. kan du vera med på søndagstur til Dagsturhytta i Grøttneset. Der vert det andakt, song og litt å eta.

 

Det vert oppmøte og felles avgang frå Bakken parkeringsplass kl. 11.00. (Følg skilt frå Nord-Kvingekrysset i ca 1 km. til parkering.) Frå parkeringa er det ca 1,5 km og ca. 30 minutt på universelt utforma turveg. Ved Dagsturhytta Fjordblikk vert det enkelt felles program som startar ca. kl. 11.45. Prest Torbjørn Sæle leiar samlinga med andakt og bøn, og organist Boris Kuprijanov sørgjer for tonefølgje til songane. Det vert samla inn eit takkoffer til Modum Bad. Etterpå vert det litt å bita i. Det er sjølvsagt lov å ta med eigen lunsj i tillegg for dei som ønskjer dei.

Det er mogleg å vera både inne og utanfor hytta. Returen tek du sjølv når du ønskjer og på den vegen du vil. Sjå turkart med oversikt over stigane her.

Søndagsturen erstattar den vanlege gudstenesta denne dagen. Les meir om Dagsturhytta her.

NB: Om vêret skulle verta skikkeleg dårleg, vert samlinga flytta til Granneheimen på Kvingo. Denne artikkelen vert oppdatert om så vert tilfelle.

 

Tekst og foto: Torbjørn Sæle

Tilbake