Songkveld i Solheim kyrkje


Søndag 17. september kl. 19.00 vert det det songkveld i Solheim kyrkje med fellessong, solosong og musikalske innslag.

 

Songkvelden har fått overskrifta «Syng med – håp og fred».

Prest Torbjørn Sæle leiar kvelden og intoduserer salmane. Organist Boris Kuprijanov leiar det musikalske, saman med forsongargruppe og instrumentalistar. Nytt på programmet er at songar og låtskrivar Stine Karin Sæle bidrag med sjølvskriven musikk. Ho ønskjer å formidla at det finst håp sjølv der alt kan opplevast som eit rop ingen høyrer, og skriv songar med utgangspunkt i livets mørke, men alltid med eit glimt av håp og lys.

Songkvelden er gratis. Det er mogleg å gje ei gåve til Maritastiftelsen.

Sjå også oppdatert plakat for songkvelden.

Songkvelden erstattar den vanlege gudstenesta denne dagen.

 

Tekst: Torbjørn Sæle

Foto: Pixabay

Tilbake