Om kristendom og kunst


Velkomen til ein kveld med foredrag om kristendom og kunst. Foredraget vert halde i Frøyset kyrkje torsdag 19. oktober kl.19:00. Foredragshaldar er Rune Garmann.

 

Fokus i foredraget er ei forteljing om korleis kunst og kultur har bidrege til at kristen tru og tanke er blitt spreidd. Foredraget vert ei reise gjennom tid og rom, der ein vil sjå korleis det talte og det skrivne ordet, biletkunst, arkitektur og musikk, åleine eller i kombinasjon,  er teke i bruk for å gjere folk kjende med innhaldet i kristentrua.

Den kristne kulturarven er stor og rik, og i eit foredrag på ein kveld rekk ein berre å dele nokre små glimt av det enorme tilfanget av kristen kunst og kultur som finnest. Men ved å dvele ved nokre eksempel frå ulike kunstartar, frå ulike epokar og frå ulike geografiske område, vert det kan hende lettare å sjå korleis kristendom og kunst har vandra hand i hand i lange tider, og etter kvart spreidd seg og slege rot over heile kloden vår.

Foredraget vil ta rundt 90 minutt. Etter foredraget er det tanken at dei som vil, kan vere att og ta ein prat over ein kaffikopp.

Foredragskvelden er ein del av Masfjorden sokneråd si satsing på kultur i kyrkjene våre. Det vert ikkje teke inngangspengar. Men det vil verte høve til å gi eit bidrag til kulturarbeid i kyrkja via VIPPS.

 

Tekst og foto: Rune Garmann
Biletet over er teke i Rijksmuseum, Amsterdam.
Det er laga i 1504 av ein målar vi kjenner som Alkmaar-meisteren.
Biletet er ein del av ein serie bilete som illustrerer gode gjerningar.:
Den gode gjerninga som er skildra her, er å gi mat til dei fattige.
Legg merke til mannen midt på biletet,
han som ser rett mot deg. 
Kven kan det vere?

Tilbake