Konsert med sorg og glede


Visesongar Sølvi Helén Hopland vil syngja eigne songar og dela tankar og erfaringar rundt livsglede, sorg og livskraft i Sandnes kyrkje fredag 27. oktober kl. 19.

 

Sølvi Helén Hopland er låtskrivar, visesongar, podkastvert og mangeårig fyr-vertinne på Ulvesund fyr utanfor Måløy. Ho har tidlegare budd i gamle Meland kommune, er sertifisert sorgvegleiar og har gitt ut ei rekkje plater med songar som «Herre, gje meg dine auge» og «Barn, ikkje tenar». Nyleg har ho vore i studio i Masfjorden for å spela inn ein ny song. No kjem ho tilbake for å ha halda konsertforedrag med overskrifta «Frå glede til sorg, og tilbake».

– Eg har alltid ønska å syngja til trøyst og oppmuntring. Songen strøymer ut frå hjartet mitt, og startar ofte som songar eg syng til meg sjølv. Eg har opplevd både usynlege og synlege sorger, som dei fleste andre, og har hatt periodar då eg ikkje har klart å syngja for andre. Men når livsgleda og songen er på plass igjen, gjer mine eigne erfarte sorger at songane mine kan nå djupare inn til andre, seier Sølvi Helén Hopland, og held fram:

– Med gleda fylgjer songen, og med songen fylgjer gleda - slik er det for meg. Eg ser på sorg som ei kraft til endring, ein sjanse å gripa for å finna endå djupare livsglede, og håpar å syngja og snakka om sorg på ein måte som bringer lys.

Konserten er lagt til siste fredag i oktober, helga før det i kyrkja er ekstra fokus på sorg i samband med helgemesse og minnegudstenester. Konserten er gratis, open for alle og regi av Masfjorden sokn med støtte frå Masfjorden kommune. Det vert høve til å gje ei gåve til kulturelle tiltak i Kyrkja i Masfjorden.

Konserten startar kl. 19.00 i Sandnes kyrkje slik at det passar med ferje frå Duesund kl. 18.45 og med retur frå Masfjordnes kl. 20.40.

Her er plakten for konsertforedraget.

 

Tekst: Torbjørn Sæle

Tilbake