22. oktober vert dei som fyller 4 og 10 år i år invitert til å få si eiga bok på gudstenestene i Solheim, Frøyset og Sandnes kyrkje.
4-åringane skal få utdelt si eiga 4-årsbok, som heiter «Kyrkjeboka mi». Her får me møte tre vener, og får vera samen med dei i kvardagen. Det er ei flott bok å sjå i, og lese saman med andre.
10-åringane skal få utdelt Teikneseriebibel, som viser bilete og tekst frå ulike bibelhistorier. Denne er kjekk å lese i, og det er første gong det vert delt ut teikneseriebibel i kyrkjene i Masfjorden.
Dei døypte 4-årigane og 10-åringane har fått invitasjon i posten. Andre av årets 4- og 10-åringar i kommunen er også velkommen, og gudstenestene er sjølvsagt opne for alle.
Tid og stad for familiegudstenestene:
22. oktober kl. 11:00 i Solheim kyrkje.
22. oktober kl. 13:15 i Frøyset kyrkje.
22. oktober kl.16:00 i Sandnes kyrkje.
Tekst: Tina Meland Corneliussen
Foto: Torbjørn Sæle