Det vert minnegudstenester med lystenning i dei tre kyrkjene i Masfjorden, denne gong fordelt på søndagane 5. og 12. november.
Helgemesse – eller allehelgen – er ein dag for å minnast dei som er døde. Samstundes er det ein dag med håp. Håpet om ein ny himmel og ei ny jord, utan liding, sjukdom og død.
Vi samlast i fellesskap, vi ber om hjelp i sorga og saknet etter våre kjære. Namna på alle dei som har gått bort det siste året vil bli leste opp i alle kyrkjene, og det blir tent lys. Mange tennar også lys på gravene i denne tida.
Tidspunkta for minnegudstenestene i Masfjorden i 2023 er som følgjer:
• Frøyset kyrkje: Søndag 5. november kl. 11.00
ved sokneprest Torbjørn Sæle og pianist og solist Ove I. B. Danielsen.
• Solheim kyrkje: Søndag 5. november kl. 13.30
ved sokneprest Torbjørn Sæle og pianist og solist Ove I. B. Danielsen.
• Sandnes kyrkje: Søndag 12. november kl. 11.00
ved sokneprest Torbjørn Sæle og organist Boris Kuprijanov. Musikalske innslag.
Alle er velkomne til minnegudstenestene, der familiar som har mista nokon det siste året er spesielt inviterte.
Tekst: Torbjørn Sæle, sokneprest
Foto: Bo Mathisen, DnK