Det Norske Misjonsselskap inviterer til misjonssamling for Nordhordland i Alversund 18.februar kl.17:00
Det er mange i Masfjorden som har eit hjarte for misjon. Det Norske Misjonsselskap (NMS) jobbar med å dele trua på Jesus, bekjempa urettferd og utrydde fattigdom. 18.februar kl.17-19:30 inviteres du som bur i Nordhordland til misjonssamling i Alversund kyrkjelydshus (attmed Alversund kyrkje).
Mona Rosvold har i oktober i fjor vore med på 100 års-jubileet til kyrkja i Kamerun og fotel og viser bilde frå denne turen, ellers vert det song, felleskap med andre misjonsvenner og god kaffimat. På årsmøte får ein høyra om arbeidet i året som har gått, og det vert val (kandidatane er spurt på førehand!).
Dette pleier å bli ei fin samling og eg håpar at også nokon frå Masfjorden har lyst å bli med denne dagen.
Alle er hjartleg velkomen. Trykk HER for å sjå plakaten.
Tekst: Eli Eidsnes