Velkommen til påskegudstenester skjærtorsdag, langfredag, 1. og 2. påskedag. Nytt av året er friluftsgudsteneste i Stordalen langfredag kl. 16. Sjå oversikten og les meir her.
Langfredag kl. 16 vert det påskegudsteneste utafor Stordalen fjellstove. Kanskje nokon vil koma rett frå ski, i bakke eller løyper, og til gudsteneste? Skulle vêret gjera det utriveleg å samlast ute, vert gudstenesta inne på fjellstova. Fjellstova er uansett open for servering for dei som ønskjer det.
Det er ein lang tradisjon for å ha friluftsgudstenesta i Stordalen i samband med Bjørn West-marsjen. Som eit prøvetiltak for å vera tilgjengeleg for dei som er på hytta, på ski og alle andre interesserte, vert ei av årets påskegudstenester i Masfjorden lagt til «påskefjellet».
Om du heller vil ha påskegudstenester i lågare strøk er det mogleg både skjærtorsdag på Masfjorden sjukeheim og i Granneheimen på Kvingo, 1. påskedag i Frøyset kyrkje og 2. påskedag i Sandnes kyrkje. Og om kvelden, ei veke etter påskedag, vert det påskesongkveld i Solheim kyrkje.
Heile oversikten finn du på plakaten og i kalenderen. Hugs at du også finn gudstenester og andre påskearrangement frå heile landet på skjerikyrkja.no
Legg gjerne inn ei eller fleire gudstenester i påskeplanane dine, og ver med å feira den viktige høgtida.
Her er påskeplakaten for gudstenestene i Masfjorden 2024.
Tekst og foto: Torbjørn Sæle