Ledig stilling som trusopplærar


Har du lyst å jobbe med barn og unge i kyrkja i Masfjorden?

Me har no ledig eit vikariat som trusopplærar / barne- og ungdomsarbeidar

 

 

Kan du tenkje deg å bidra til at born og unge vert kjende med Jesus og får opplæring i den kristne trua? Masfjorden sokn sin trusopplærar har studiepermisjon fram til august 2025, og i den tida treng vi nokon som kan tre inn i teneste hos oss som trusopplærar og jobbe med barn og unge i kyrkjelyden.

Litt om Masfjorden sokn

  •  85,6% av kommunen sine 1629 innbyggarar er medlemer i Den norske kyrkja. Oppslutninga om kyrkja sitt trusopplæringsarbeid er god. Årets konfirmantkull tel 16 konfirmantar.
  • Det er tre kyrkjer i soknet; Frøyset, Sandnes og Solheim.
  • Staben i Kyrkja i Masfjorden består av kyrkjeverje/sekretær, organist vikar, sokneprest, kyrkjegardsarbeidar og kyrkjetenar. Kyrkjeverja vil vere næraste leiar.

Søknadsfrist

20.06.2024

Arbeidsgjevar

Masfjorden sokn

Stad

Masfjordnes

Stillingstittel

Trusopplærar / barne- og ungdsomarbeidar

Stilling

1, som om ynskjeleg kan delast

Heiltid/deltid

Deltid

Tilsetjingstilhøve

Vikariat

Stillingsprosent

80

 

Litt om stillinga

Vi søkjer etter vikar i tidsrommet 1. august 2024 – 1. juli 2025.

Stillinga utgjer 80%, og skal fylle desse funksjonane :

  • Arbeid med konfirmantar; førebuing, gjennomføring og etterarbeid, i samarbeid med sokneprest. (Vil utgjere om lag 20%)
  • Framhald og utvikling av etablerte trusopplæringstiltak, som Tårnagent, Lys vaken, Dåpskule, kyrkjebøker til fire, seks og tiåringar, andre samlingar for born i barnehage- og grunnskulealder. (Vil utgjere om lag 50%)
  • Informasjonsarbeid og kontaktskapande arbeid mellom kyrkja og folk som bur i bygdene våre. (Vil utgjere om lag 10%)

Vi tenkjer at den som vert tilsett skal få høve til å gi tenesta «sitt» preg gjennom måten dei ulike oppgåvene vert løyst på.

Det kan vere aktuelt å dele opp stillinga mellom fleire personar.

Me bed om at du i søknaden skriv

  • om du søkjer på heile eller delar av stillinga,
  • kva funksjonar, oppgåver og stillingsstorleik du ynskjer,

Ein del av oppgåvene vert lagt til kveldstid og helger. Løn vert fastsett etter avtale.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Du som søkjer, må

  • ha vilje og evne til samarbeid og formidling
  • kunne arbeide strukturert og sjølvstendig
  • være god i norsk både skriftleg og munnleg, (me nyttar nynorsk skriftleg)
  • beherske data som arbeidsverktøy
  • ha førarkort og disponere bil
  • vere medlem av Den norske kyrkja
  • ha relevant utdanning innan kristendom, trusopplæring, pedagogikk eller barne- og ungdomsarbeid. Relevant erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid kan kompensera for manglande formell kompetanse.

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Den som vert tilsett, må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader før vedkomande tiltrer.

 

Vi tilbyd

  • Ei interessant og utfordrande stilling
  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer
  • Medlemskap i KLP

Anna

Søknad med CV sendes snarast til Masfjorden Sokn på e-post: kyrkjeverja@kyrkjaimasfjorden.no Søknadsfrist 20.juni

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

 

For meir informasjon ta kontakt med:
Kyrkjeverje Eli Eidsnes, tlf. 906 13 515, e-post: kyrkjeverja@kyrkjaimasfjorden.no
 

Tilbake