Fin feiring på Fjon


For mange er det å feire olsok på Fjon fjellkyrkje blitt ein fin tradisjon. Og dette er ein tradisjon som vert halden i hevd.

 

I fjor var om lag 100 personar samla der på denne dagen. Styret for fjellkyrkja meinte at ein burde ta høgd for at det kunne kome like mange i år, og Masfjorden sokneråd, som var teknisk arrangør dette året, valde å ta utgangspunkt i at det kunne kome sopass mange. Dette til tross for at vi vurderte eit estimat på 100 deltakar som i overkant optimistisk.

Vi tok feil, alle. Denne kvelden møtte godt og vel 160 personar opp!   

Men kvelden vart gjennomført etter oppsett plan. Programmet starta tradisjonen tru med gudsteneste. Sokneprest Torbjørn Sæle stod for den, godt assistert av Eli Eidsnes som tekstlesar. Else Iren Westervik og Boris Kuprianov var solid tonefylgje under gudstenesta, og hadde også eigne musikalske innslag.

Etter gudstenesta tok dei fleste turen utanomhus, medan arrangørane, godt hjulpne av flinke frivillige, rigga bord og stolar til bordsete.

For arrangørane var bordseta ei spanande stund: Korleis distribuere maten, og ville alle rekkje i han? Kortversjonen av svaret er «ja»! Alle fekk, og det var mykje godord å høyre for maten. Måltidet endte med ein brakapplaus for kokkane.

Applausen var vel fortent. Det høyrer med til historia at dei to som stod for grautkokinga, er mor og kone til eitt av soknerådsmedlemene, som sjølv ikkje kunne vere med og koke denne dagen, slik planen opphavleg var. Sjølv sa dei noko som kan vere verdt å leggje seg på minnet: «Dette har vore litt travelt og slitsamt, men fyrst og fremst er det meiningsfullt og veldig kjekt.» Kan hende dette kan vere til motivasjon for ein og annan – kyrkja har alltid bruk for frivillige som kan ta eit tak når det høver.

Etter maten var det eit lite program med kulturelle innslag. Og så var det tid for åresal, samt kaffi med noko attåt. Knut Sørheim hadde ansvar for dette, og administrerte trekning og gevinstutdeling med stø hand og gode hjelparar.

Kvelden nærma seg slutten. Folk flest fann vegen heimover. Nokre samlast ved bålpanna. Andre gjekk i gang med rydding og vask. Då sistemann reiste frå fjellkyrkja, skein ei og anna stjerne mellom skyene på nattehimmelen.

Det er grunn til å tru at dei fleste involverte fekk ei god natts svevn etter å ha vore med på nok ei fin olsokfeiring på Fjon fjellkyrkje.

Og minst like stor grunn er det for å takke alle som bidrog til at dette vart slik ei fin feiring.

 

Rune Garmann
- leiar, Masfjorden sokneråd -

Tilbake