Supersøndag 25. august


25. august startar vi semesteret i kyrkjene våre. Det vert skulestartmarkering med utdeling av 6-årsbok og presentasjon av nye konfirmantar. Velkommen til Supersøndag!

 

Supersøndag er ein dag med ekstra fokus på barn/unge i kyrkja i Masfjorden. Det kan til dømes vera utdeling av bøker og andre trusopplæringstiltak. Supersøndag betyr nokre gongar at det er gudstenester fleire stader på ein søndag.

På familiegudstenestene 25. august møter du sokneprest Torbjørn Sæle, trusopplærar Else Iren Westervik og konfirmantarbeidar Alf Holmaas Helland frå staben. Kyrkjemusikar denne dagen er Ove I. B. Danielsen.

Gudstenestene på første Supersøndag er:

Frøyset kyrkje kl. 11:00

Solheim kyrkje kl. 13:15

Sandnes kyrkje kl. 16:00

Årets 6-åringarar som er døypte eller registrerte som trusopplæringsabonnentar skal ha fått invitasjon i posten. Andre barn fødd i 2018 er også velkomne til å få bok. Det er inga påmelding, men møt gjerne opp i litt god tid, slik at vi får skrive namnet inn i boka. Konfirmantane blir også presenterte med namn og får utdelt Bibelen og konfirmantboka.

Supersøndag er for alle – små og store. Det er kyrkjekaffi etter gudstenestene.

Velkommen!

Det blir også supersøndag  27. oktober – då med utdeling av bøker til 4-åringar og 10-åringar. Klokkesletta på gudstenestene den dagen og andre samlingar finn du i kalenderen.

 

Tekst: Torbjørn Sæle

Tilbake