Lyriske ord og tonar i Solheim kyrkje


Konserten som Amalie Duesund og Rune Alver heldt i Solheim kyrkje fredag 16. august, vart ei fin oppleving for alle som var til stades.

 

Innhaldet i konserten var ei fin blanding av musikalske og lyriske innslag. Musikkinnslaga var komponerte av ulike komponistar, både norske og utanlandske. Dei lyriske innslaga var dikt av norske forfattarar - Olav Nygaard, Aslaug Låstad Lygre, og vår eigen Alf Strand. 

Alf Strand, som var til stades på konserten, ga uttrykk for glede over at dikta hans vart framført på denne måten, og i så fint selskap av diktarar og komponistar. Og når sant skal seiast, ville nok dei øvrige diktarane truleg ha sagt nokonlunde det same, om dei hadde kunna.

Marit Steinestø takka av musikarane med ei lita gåve, og uttrykte eit ynskje om at å få besøk av Amalie og Rune i Solheim kyrkje om kvelden fredagen før Bjørn West-helga, gjerne måtte verte ein tradisjon som kunne haldast i hevd lenge.

Det var det mange blant publikum som var heilt samde i.

Tekst og foto: Rune Garmann

Tilbake