Søndag 15. september kl. 18 vert Frøyset kyrkje fylt med salmar og songar som Johnny Cash song.
Masfjordprest Torbjørn Sæle har saman med Cash-bandet beståande av Alver-musikarane Øyvind Dalland Husabø, Stine Karin Sæle, Andreas Sagstad Berg, og Rune Haugland utarbeidd ei temagudsteneste heilt utanom det vanlege. Her kan du få lytta til songen og musikken og innimellom få synga med. Det er nattverd og takkofferet går denne dagen til Søndagsskulen Norge.
Det har tidlegare vore tilsvarande Cash-messer i Knarvik, Ostereidet, Meland og Alversund kyrkje. Velkommen til første Cash-messe i Masfjorden.
Tekst og foto: Torbjørn Sæle