Cubakveld i Solheim kyrkje


På Cubakveld 6. oktober får vi høyra og sjå ferske inntrykk frå besøk til bispedømet sine venskapskyrkjelyder i Karibia.

 

Ingunn og Aslak Sognnes (biletet) fortel og viser bilde frå turen til Cuba tidlegare i år. Turen var i regi av Bjørgvin bispedøme som har eit venskapssamarbeid med den lutherske kyrkja Inglesia Evangelica Unida (IEU) på Cuba. Ei overskrift for kvelden kan vera:  Under same himmel, men på ulik klode?

På Cubakveld deltek også prest Torbjørn Sæle, organist Boris Kuprijanov, Else Iren Westervik, Eli Eidsnes og fleire forsongarar. Vi syng songar med glade, håpefulle tekstar og rytmiske tonar.

Det vert takkoffer til Cubaprosjektet, pengar som går til mat, hygieneartiklar, medisinsk utstyr og lønningar til kyrkjelege medarbeidarar på Cuba. Dette blir formidla gjennom Normisjon som har samarbeid med denne kyrkja i over 20 år.

Cubakveld erstattar ei vanleg gudsteneste i kyrkja denne søndagen.

Kvelden avsluttast med kyrkjekaffi og prat. Velkommen til Solheim kyrkje søndag 6. oktober kl. 19.00.

 

Tekst: Torbjørn Sæle/Eli Eidsnes

Foto: Steinar Barmen

Tilbake