Gjennom livet går ei sorg


Songar, pianist og låtskrivar Ove Danielsen har konsert på Masfjorden sjukeheim og i Sandnes kyrkje onsdag 6. november.

 

Ove Danielsen har vore gravferdssongar i over 25 år og har opparbeida seg eit rikhaldig og variert repertoar. Frå han var 12 år har han spelt orgel og piano i kyrkjene der faren var organist, og ofte sat han åleine og øvde i kapellet, medan kistene til gravferda dagen etter låg i kjølerommet under han. Var det her det byrja? At døden ikkje var noko skummelt og farleg? Far hans fekk Alzheimer tidleg, medan dei to gutane hans var i tenåra. Erfaringar frå denne sjukdomsperioden har òg laga spor av ein sår sorg i livet hans. Korleis er det å vera «Sorgsongar»? Å skulle toneleggja andre si sorg? Å møta familien sine ynskje på ein slik måte at dei kjem seg eitt skritt vidare? Ikkje sjeldan har han opplevd at han har fått vore til hjelp, der i kyrkja.

Songane til Erik Bye, Odd Nordstoga, Vamp, Elle Melle, Per Sivle, Bjørn Eidsvåg og Bob Dylan har på ulikt vis gjeve ord og tone til ulike sorger. Det kan vera sorga over at livet ikkje vart som det skulle, tap av ubrukte sjansar, jenta som aldri vart deira. Sorg er ein del av livsstrengen som går frå vogge til grav. Kanskje den må vera der?

Dei seinare åra har han laga eigne songar som set ord på eigne tap og sorger, men og om HÅPET og om trøysta i trua. Fleire av desse får du høyre på konserten «Gjennom livet går ei sorg», som han har hatt fleire gonger før. Sokneprest i Masfjorden, Torbjørn Sæle er med, og les frå Ove sine eigne historier om hans sorgerfaringar.

Masfjorden sjukeheim kl. 16.00 og Sandnes kyrkje kl. 19.00. Konsertane er gratis.

Aktørar: Pianist / songar Ove Danielsen og tekstlesar Torbjørn Sæle.

Tilbake