27. oktober er det klart for ein ny Supersøndag! Bli med på familiegudstenester med barna i fokus.
Supersøndag er ein dag med ekstra fokus på barn/unge i kyrkja i Masfjorden. Det kan vera utdeling av bøker og andre trusopplæringstiltak. Supersøndag betyr nokre gongar at det er gudstenester fleire stader på ein søndag.
På familiegudstenestene 27. oktober møter du sokneprest Torbjørn Sæle, trusopplærar Else Iren Westervik og kyrkjemusikar Boris Kuprijanov.
Gudstenestene på Supersøndag er:
Solheim kyrkje kl. 11:00
Frøyset kyrkje kl. 13:15
Sandnes kyrkje kl. 16:00
Denne søndagen er det utdeling av bøker til 4-åringane og 10-åringane. Årets 4-åringarar og 10-åringar som er døypte eller registrerte som trusopplæringsabonnentar skal ha fått invitasjon i posten. Andre barn i dei aktuelle årskulla er også velkomne til å få bok. Det er inga påmelding, men møt gjerne opp i litt god tid, slik at vi får skrive namnet inn i boka.
Det er til saman tre barn som skal døypast denne søndagen, og i Sandnes kyrkje får vi for første gong høyra det nye barnekoret syngja.
Velkommen!
Tekst: Torbjørn Sæle