Det vert minnegudstenester med lystenning i dei tre kyrkjene dei to første søndagane i november.
Helgemesse – eller allehelgen – er ein dag for å minnast dei som er døde. Samstundes er det ein dag med håp. Håpet om ein ny himmel og ei ny jord, utan liding, sjukdom og død.
Vi samlast i fellesskap, vi ber om hjelp i sorga og saknet etter våre kjære. Namna på alle dei som har gått bort det siste året vil bli leste opp i alle kyrkjene, og det blir tent lys. Mange tenner også lys på gravene i denne tida.
Årets minnegudstenester er
Sandnes kyrkje 3. november kl. 11.00
Frøyset kyrkje 3. november kl. 14.30
Solheim kyrkje 10. november kl. 11.00
Alle er velkomne til minnegudstenestene, der familiar som har mista nokon det siste året vert spesielt inviterte.
Tekst: Torbjørn Sæle
Foto: Helene Moe Slinning, Dnk