Lys i mørket


Ting tek verkeleg av når konfirmantane i Gulen, Solund og Masfjorden mønstrar opp i Gulen kyrkje …

 

Det var ei spent forsamling som troppa opp i Gulen kyrkje fredag den 8.november med ryggsekk, liggeunderlag og soveposar. Den nye soknepresten i Gulen, Håkon Økland Kinsarvik, hadde nemleg tromma inn alle konfirmantane i mils omkrins og vel så det: Det var tid for å sprengje kommunegrensene ein gong for alle: Soknepresten i Solund, Bjørn Magne Hansen, hadde teke turen over Sognefjorden med konfirmantane i Solund, Torbjørn langs vegen innetter fjorden med sine håpefulle og Håkon stilte med ein solid gjeng frå Gulen. Mangeårig konfirmantarbeidar Maren Daae Eide, ivrig assistert av eldsjelene Eirik og Odin, var på plass. Det var duka for litt av ein fest.

Dei som trudde dette skulle verte ein traurig kveld med tynn salmesong, halvmjuke Mariekjeks med lettmargarin, pugging av Luthers forklaring av katekisma og tilmålte mengder med endå tynnare hushaldningssaft, tok skrekkeleg feil: Håkon hadde førebudd eit opplegg som tok pusten frå sjølv den mest garva av oss:

Etter ein koseleg velkomsthelsing frå Maren i ei lys, trygg og varm trekyrkje snudde alt seg: Flakkande lampar og blytunge barokkakkordar nedetter mollskalaene på pipeorgelet sende brått eit drivande gys gjennom kyrkja så det rista i benkene. Dei fleste fekk ein kraftig støkk, konfirmantarbeidarene inkludert. Bjørn Magne redda oss heldigvis ut i lyset att med ein andakt og minte oss på det viktigaste: Mørkret, uansett kor trugande og stort det kan verke, må alltid vike for ljoset. Og ljoset, det er Jesus. Eller som det står i Johannes 12,35: «Gå så lenge de har ljoset, så ikkje mørkret skal falla på dykk. Den som går i mørkret, veit ikkje kvar han kjem av.»

Etterpå var det klart for ein solid dose varm pizza frå det lokale bakeriet på Eidsbotn. Det smakte himmelsk i rommet bak i kyrkja.

Håkon hadde laga eit rollespel etter malen frå TV2 – «Forræder». Opplegget var at det var ei gruppe med lojale og ei gruppe med sabotørar blant konfirmantane, men at ingen utanom sabotørane visste kven desse var. Gjennom å studere åtferda til kvarandre og halde rådsmøte skulle me prøve å finne ut kven som var lojale og kven som var sabotørar.  Temmeleg komplisert og temmeleg spanande.

Maren delte konfirmantane i lag og me fekk tid til å bli kjent i grupper på tvers av sokn. Etterpå vart me sendt rundt i kyrkja og til Borgstova utanfor for å løyse ulike praktiske oppgåver. Gjennom alt dette måtte konfirmantane prøve å finne ut kven som hadde rolla som lojal og kven som var forrædar. Morsealfabet, oversetjing av hebraiske tekstar, gåter, talkombinasjonar, bibelvers, puslespel, kombinasjonslåsar,  det tok ingen ende.

Det var som å vere Hercule Poirot for ein kveld. «Mord» vart det også. Konkurransen var knivskarp til siste slutt, men heldigvis klarte dei lojale å finne forrædarane og vinne slaget, like før 23.00 på kvelden.

Då passa det også perfekt med kveldsgudsteneste: Nokre av konfirmantane stilte opp som medliturgar i bøna. Bjørn Magne trylla fram vakre tonar frå pianoet og konfirmantane song. I preika fortalde Torbjørn om korleis det kan vere når brå død og sorg slår inn i liva våre og gjer oss motlause. Det er då me må vere sterke og sjå oppover, framover: Trua på noko bak døden, ein ny start, eit nytt liv, det er det som kan løfte oss over sorga. Odin las evangelieteksten og me sat alle i kyrkja, ettertenksame. Tankane gjekk til løftet som Jesus gav oss, slik han gjorde det i Johannes 14,27: «Lat ikkje hjarta dykkar uroast, og ver ikkje motlause!»

 

Etter gudstenesta gjekk superfriskusane, dei som enno ikkje var skikkeleg trøytte, til felles aktivitetar med Eirik i Borgstova fram til kvart over eitt. Dei andre breidde ut liggeunderlaget og kraup i soveposen mellom benkene. Sjølv kjende eg på sterk trong for å komme så nært Vår Herre som eg kunne. Det var på sin plass å takke. Takke Gud for ein fantastisk kveld med herlege opplevingar, så plassen fremst i koret, bak altertavla, måtte passe perfekt. Kyrkja fall til ro, freden breidde seg som eit varmt ullteppe i kyrkjeskipet og eg falda hendene mine i djup takksemd før eg stilt somna, lukkeleg i vissa om trygg englevakt på kyrkjetrappa.

                Det var då det hende: At eg vakna. Ståande. I ein Ajungilak sovepose. Til Johannes Openberring. Og det var visst ikkje fyrste kapittel heller. Kva var dette? Eit brøl frå djupet. Det høyrdest nesten ut som om nokon hadde fyrt opp ein dieseldriven industrikompressor. Inne. Men dette pusta… Og det pusta tungt.  Kva var det for noko? Bakveggen til altertavla dirra i halvmørket. Ingen tvil, akustikken i Gulen kyrkje var upåklageleg. Eg tok mot til meg og myste forsiktig forbi kanten: Der såg eg konturane av ei samansnurpa hengekøye mellom søylene i koret. Og ein annan som pirka borti kokongen og prøvde å vekkje syndaren. Til ingen nytte. Det var dette Maren meinte med «alterduren», eit særeige akustisk fenomen som av og til pregar overnattingane i Gulen. Unikt.

Neste morgon var konfirmantane kjapt på beina. Dei var ferdig pakka på rekordtid.  Det var verre med oss andre. Det hjelpte ikkje at altervinen ved nattverden i går var utan alkohol. Det fyrste kvarteret gjekk med på å røyse seg opp på alle fire. Det neste kvarteret arbeidde me med å komme opp i ståande stilling. Men me lukkast. Redninga vart tre koppar krutsterk kaffi på kommunehuset.

Etter ein himmelsk frukost med eggerøre, fersk brød og herleg pålegg var det felles samling i kyrkja, der me avslutta med ord for dagen, song og velsigning. Dette markerte slutten på ei fantastisk samling. No fekk endeleg konfirmantane frå alle tre kommunane komme saman og verte kjende med kvarandre. For eit framifrå opplegg! Ein stor takk til sokneprest Håkon Økland Kinsarvik og det drivande gode laget hans for strålande opplegg og regi. Slike samlingar må me ha fleire av!

 

Tekst og foto: Alf Holmaas Helland

Foto lysglobe: Torbjørn Sæle

Tilbake