Inspirasjonssamling med middag


Søndag 2.februar inviterer me til gudsteneste i Sandnes kyrkje. Etterpå blir det inspirasjonssamling med middag i kommunestyresalen.

 

Gudsteneste, inspirasjonssamling og gratis middag søndag 2.februar. 

Me startar med ei fin gudsteneste i Sandnes kyrkje kl.11:00 med påfyljande kyrkjekaffi som me pleier etter gudstenesta. Sokneprest Torbjørn Sæle og organist Boris Kuprijanov er på plass som vanleg. Og denne søndagen er prost Helge Taranrød med og held dagens preike.

Avskjerdmarkering for Helga Ekehaug

På gudstenesta vert også Helga Ekehaug med. Ho har i mange år vore tilsett i Kyrkja i Masfjorden. Dei siste åra har ho hatt permisjon for å studera teologi. Helga har no sagt opp stillinga si, og 2. februar vil me takka henne av i kyrkja. 

Etterpå flyttar me oss over til kommunehuset, i kommunestyresalen i toppetasjen. Der blir det ei inspirasjonssamling med temaet "Korleis være kyrkje i Masfjorden?" og gratis MIDDAG. Her håpar me mange frå heile kommunen har lyst å være med, så alle er velkomne. Denne samlinga blir kl. 12:30-15:15. Prost Helge Taranrød blir med heile dagen. Ta med deg vener og naboar og kom.

Pga middagsservering må me ha påmelding til inspirasjonssamlinga seinast innan fredag kl.10:00 den 31.januar. 

Påmeldingslenka finn du HER:

                                                                                                                  Tekst: Eli Eidsnes, kyrkjeverje

                                                                                                                   Foto: DNK Bo Mathisen

 

Tilbake