Søndag 9.februar vert det songkveld i Solheim kyrkje kl. 18:00
Det byrjar å bli innarbeida å ha songkveldar i Solheim kyrkje nokre gongar i året i staden for ei ordinær gudsteneste. Mange har likt desse kveldane, som er fylt med song og musikk. Denne gongen blir temaet «Lys i mørket» og det er mange flotte songar å velje blant i den raude salmeboka vår.
Som vanleg vil me prøva å ta med både godt kjente songar og nokre som kanskje for ein del er meir ukjente. På den måten kan me få lære fleire av songskattane våre. Og me får god hjelp til dette frå organist Boris Kuprijanov og forsongargruppa på Solheim. Else Iren Westervik syng ein solosong, og Torbjørn Sæle leiar oss gjennom kvelden slik han pleier gjere så flott.
Etter songkvelden vert det ein enkel kyrkjekvelds, så me håpar alle stoppar att litt og har tid til ein prat. Spør gjerne ein nabo eller familiemedlem om dei vil bli med. Det er ekstra kjekt når me fyller kyrkja desse kveldane. Vel møtt om du vil syngje med, eller berre lytte.
Tekst: Eli Eidsnes, kyrkjeverje