Ledige stillingar i kyrkja i Masfjorden

Ledige stillingar i kyrkja i Masfjorden


Frå september er det ledige deltidsstillingar i kyrkja i Masfjorden. Under finn du meir informasjon og utlysingar til stillingane. Flott om du eller nokon du kjenner vil bli våre nye tilsette. 

 

Frå 1.september blir det 3 faste deltidsstillingar ledige i kyrkja i Masfjorden.

  • Trusopplærarstilling 50%. Har du lyst å jobbe med barn og unge i alderen 0-13 år? Bidra til at dei vert kjent med Jesus og får opplæring i den kristne trua gjennom samlingar som dåpskule, utdeling av kyrkjebøker, tårnagenthelg, lys våken arrangement med meir. Utlysinga finn du ved å trykke HER
  • Kyrkjetenar i Frøyset kyrkje, timelønna: Vi søker etter ein enkeltperson eller eit lag/organisasjon som kan gjere kyrkjetenar oppgåver som reinhald, tilsyn og praktisk tilrettelegging før, under og etter gudsteneste og andre arrangement i kyrkja. Det er og kyrkjetenar som ringer med kyrkjeklokkene ved gudstenesta. Du finn meir innformasjon og utlysing av stillinga ved å trykke  HER
  • Klokkar i Frøyset kyrkje, timelønna. Klokkaren er den som er medhjelpar i gudstenestene, som les bibeltekst og samlingsbøn. Ordna det praktiske ved dåp og hjelper til under nattverdsutdelinga. Vi søkjer etter ein påliteleg person eller eit lag/organisasjon som kan gjere oppgåva etter ei turnusordning. Meir informasjon og utlysing av stillinga finn du ved å trykke HER

 

Fint om de vil tipse aktuelle personar om stillingane. Søknadsfrist for alle stillingane er 1.august. Oppstart 1.september eller etter avtale. 

 

tekst: Eli Eidsnes, kyrkjeverje

foto: Bo Mathisen, DNK.

 

Tilbake