I år har Masfjorden sokneråd gleda av å ynskje alle velkomne til å sjå ei utstilling med tjue ikon malt av Solrunn Nes.
Desse ikona dannar ein serie – Rosenkransserien – der motiva på atten av dei tjue ikona er henta frå Det nye testamentet.
Forutan å vere ei vakker innføring i ein gamal tradisjon med bruk av bilete som uttrykk for kristen tru og formidling av kristen lære, innbyd kvart av bileta til ettertanke og refleksjon.
Utstillinga vert opna i Frøyset kyrkje onsdag 23. juli klokka 19:00. Då vil Solrunn Nes vere til stades og halde eit foredrag knytt til tradisjonen desse bileta spring ut frå og er ein del av.
I vekene fram til og med 9. august vil utstillinga vere open for publikum torsdagar og fredagar mellom kl.16:00 og 20:00, og laurdagar og sundagar mellom klokka 15:00 og 18:00.

Dei fleste dagane utstillinga er open, vil Rune Garmann sitje i kyrkja og male eit bilete i same teknikk som Solrunn Nes sine ikon er måla i, eggtempera. Det vil seie at pigmenta ein nyttar, vert blanda ut med eggeplomme tilsett vin eller eddikvatn, og dette vert så malt på preparerte treplater.
Dette er ein tusenårgamal måleteknikk som så å seie forsvann frå vestleg maletradisjon for rundt 500 år sidan, men som heile tida har vore halden i hevd i austkyrkjeleg tradisjon.
Sundag 10. august vil det vere gudsteneste med kyrkjekaffi, og etterpå vil utstillinga verte teken ned. Også denne dagen vil Solrunn Nes vere til stades og samtale med interesserte om ikona og om ikonmåling.
Etter det vi veit, er dette fyrste gongen at ei slik utstilling har vore arrangert i Nordhordland, og vi vil tru at dette kan vere ei fin oppleving for mange, om dei tek seg tid til å stikke innom.
Det er gratis entré. Og alle er velkomne.
For Masfjorden sokneråd,
Rune Garmann